torsdag 23. juli 2015

KVIT BABY-ROMPER / ANOTHER ROMPER FOR THE BABY

Årets ferie-strikking har blant anna resultert i denne kvite romperen til minstemann, strikka i vestnorsk sommarregn. 

Oppskrifta er frå Sandnes Garn-heftet 1415 Lun start,
men eg har gjort nokre endringar undervegs. Garnet eg har brukt er Mini Duett frå Sandnes Garn, istaden for Lanett, som oppskrifta bruker. Og for å få garnvalet til å passe til størrelse 0-3 mnd, har eg brukt pinnestørrelse 2,5 istaden for 3. Ellers har eg følgd oppskrifta til punkt og prikke.

Eg likar spesielt godt strukturen i mønsteret, som nesten ser ut som korn i ein kornåker.
Og eg likar godt garnet, som er tynt-tynt, og ei blanding av ull og bomull, noko som forhåpentlegvis kjem til å passe bra mot slutten av august. Skjønt, med denne sommaren er det vanskeleg å spå korleis veret i august blir...

This years vacation knitting has, among other garments, resulted in this white romper for little brother. It is knitted in a cotton/wool mix yarn, that I hope will be good for an august baby. 

4 kommentarer:

  1. Den var søt.
    Tror jeg må finne meg noen med baby jeg kan strikke en slik jeg også.
    Ha en fortsatt fin sommer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Babystrikk har si heilt eiga glede. Og så hjelper det jo på motivasjonen at plagga er relativt kjappstrikka, sidan dei er så små 😉

      Slett
  2. Så nydelig den ble i hvitt :) Håper det blir riktig vær for den når lillebror kommer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg krysser fingrane!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment