tirsdag 8. juli 2014

PÅ PINNANE: RILLESTRIKK FRÅ SKUFFEDJUPET / ONGOING KNITTING: ABOUT TO FINISH


Nesten fullført strikketøy blir lagt i ei skuff. Det manglar berre eitt nøste for å bli ferdig. Men strikketøyet blir liggande i skuffa. Er det fleire som kjenner til situasjonen?

Det er iallefall tilfellet med denne strikkejakka, som blei påbegynt på flyet til New York i påska. Jakka er strikka med Duo frå Sandnes garn, og eg tenkte den skulle bli ei fin sommarjakke til Iben. Og sidan eg kan mønsteret inn og ut etter å ha strikka det utallige gongar, kunne eg nesten strikke i blinde medan eg kikka på in flight-filmen og drakk vin medan vi suste over Grønland.

Men så gjekk eg tom for garn, då det var berre ein arm igjen å strikke.
Dermed blei jakka lagt til side i påvente av garninnkjøp. Og så begynte eg å strikke på nye prosjekt, og fullføring av jakka verka ikkje like presserande lenger. Og sidan eg ikkje hadde kjøpt det siste nøstet, heller, kunne eg ikkje akkurat plukke opp jakka og fullføre den i ledige stunder.

Men i dag har eg endeleg kome meg i garnbutikk igjen, og siste nøste er kjøpt inn.
Og etter eit par timar på ettermiddagen ser det jammen ut som jakka blir ferdig snart, også. Det skulle med andre ord ikkje så mykje innsats til for å fullføre det langvarige prosjektet.

Mønsteret er for ordens skuld den velkjente rillestrikka jakka frå Babystrik på pinde 3.
Og snart skal eg vise fram Ibens ferdige sommarjakke!

I started knitting this cardigan on the plane to New York during my easter holiday. Awaiting the purchase of the final skein I needed to finish the cardigan, it was put in a drawer. And it stayed there. Anyone familiar with the situation? Today I finally went to the yarn store to buy the last skein, and it looks like I will finish the cardigan tonight. Iben will finally get her summer cardgian, halfway into the summer.

4 kommentarer:

  1. I am about to sew buttons on a cardigan I started for myself 2 years ago, can't even remember why I put it aside but I picked it up a month ago and now it is almost finished - phew !

    SvarSlett
    Svar
    1. There you go! At least you probably will be very happy that you finished it at last. (I always forget why I put things aside once they are are finished...)

      Slett
  2. Denne jakka har eg også tenkt å strikke. Så enkel, men likevel så fin! Flott farge du har vald, gler meg til å sjå det ferdige resultatet :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jakka er ferdig for ei stund sidan, men fordi vi flytter/pusser opp i sommar, blir det begrensa tid til blogging. Skal vise fram snart!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment