søndag 6. juli 2014

DANSEKJOLE SOM TUNIKA / DANCING DRESS TURNS TUNIC

Ein alvorleg strikkemodell ser på Emil i Lønneberget på barne-tv, og lever seg veldig inn i handlinga.
/
A very serious little photo model looks at vintage Swedish childrens television. It is clearly very interesting.  
Noko av det eg liker aller best når eg finn strikkeoppskrifter eg verkeleg liker, er å gjere ein eigen liten vri på den. Det har ført til at Ministrikk-dansekjolen har blitt ein fin-fin sommartunika.

Riktignok er det ikkje så veldig store endringar som er gjort. Hovud-endringa er lengda på plagget. Istaden for å strikke den kjole-lang, har eg gjort den kortare. Og for at den ikkje skulle bli for vid, auka eg berre kvar tiande omgang, istaden for kvar åttande, som oppskrifta foreslår. Dessutan er dei originale trekvartlange armane bytta ut med korte armar, og eg har gått for riller på volangen og nederst på tunikaen.

Garnet er også endra, sjølv om det var mindre tilsikta.
Tidlegare i sommar, då eg kjøpte inn det lyseblå Lille Lerke-garnet eg strikka dansekjolen i, kom eg også over tilbudsgarn i denne lyse ferskenfargen. Eg kjøpte ein liten haug, og tenkte at eg alltids skulle klare å bruke opp nokre nøster med Lille Lerke-garn i ein slik fin farge. Først etter å ha strikka eit godt stykke på tunikaen, og reagert på at den verka litt vid, oppdaga eg at det var Lerke-garnet eg hadde gått til tilbuds-innkjøp av. Det er tjukkare enn namnesøster Lille Lerke, og dermed var ikkje oppskrifta heilt i riktige proporsjonar lenger.

At eg også strikka den i størrelse 3-4 år, gjorde den ikkje akkurat mindre.
Men ein tunika kan godt vere litt vid, og resultatet blei veldig kledeleg til to-åringen. Tunikaen er luftig og fin, og vil passe i fleire år framover.

Som tilbehør har eg strikka ein sommarvariant av babyshortsen frå Den store guttestrikkeboka.
Dei som har fulgt bloggen ei stund, veit at denne alt er ein favoritt, som det har blitt strikka mange variantar av. Det viste seg imidlertid at Lerke-garnet blei for tjukt, så shortsen blei for stor. Men neste sommar passer den sikkert kjempefint.

Dansekjolen har blitt sommarens store strikke-favoritt for meg.
Frå å klø meg i hovudet over ei litt klønete forklart oppskrift i starten, har eg verkeleg fått dreisen på den, og synst no den er lett som ein leik å strikke. Før eg legger oppskrifta heilt vekk, har eg lyst til å strikke ein ull-variant av kjolen til haust-og vinterbruk, med lange armar.

When I stumble upon knitting patterns I really like, I love to make my own little twists on the pattern. In the pictures you see my tunic take on the dancing dress from Ministrikk. Instead of knitting it as a long dress, I have made it in a shorter tunic length. And instead of the three quarter length arms, I have knitted shorter arms, suitable for a summer tunic. Now I want to knit a winter version of the dancing dress as well, in wool, and with long arms. This has really turned out to be my favourite knit for the summer.

14 kommentarer:

  1. Ikke verst når man klarer å komme seg ut av strikkefeilen så bra som du har gjort! Denne rosafargen er så nydelig synes jeg. Synd den har gått ut av sortimentet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, fargen er verkeleg kjempefin. Og eg hadde akkurat nok garn til å fullføre tunika og shorts. Det såg stygt ut då eg nærma meg slutten på shortsen, men eg satt faktisk igjen med heile 40 cm tråd til slutt. På hengande håret, med andre ord...

      Slett
  2. Kjempeflotte kjoler du har strikket. Det gjorde seg godt med riller på volangen, synes jeg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant? Tunikaen fekk på ein måte eit litt meir kvardagsleg preg med rillestrikka volanger.

      Slett
  3. Så flotte plagg! Og veldig søt modell du har.
    Eg kjøpte også ein liten haug med Lerke på sal, blant anna den same fargen som deg. Så fin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggeleg tilbakemelding. Gler meg til å sjå kva du strikker med Lerke-garnet!

      Slett
  4. Åh, eg skal overtale Synne til å ville ha ein dansekjole (ho kan la seg lure av namnet, trur eg...)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, kombinasjonen "dans" og "kjole" er iallefall veldig populær her i huset, Hedda!

      Slett
  5. SÅ fin den ble! Uflaks med garn-bommen, da, det er fort gjort å blingse på bandreolen når det er salg. Men den ble jo heldigvis veldig fin likevel :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, det kunne gått langt verre :)

      Slett
  6. Du strikker ikke sån søt babyshorts på bestilling vel? :) ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Trine! Nei, dessverre. Ingen bestillingsstrikk :)

      Slett
  7. Så utrolig fin tunika! Nydelig farge :) Ser ut som hun kledde den godt - selv om den var litt stor. Den blå du har strikket tidligere var også bare helt nydelig! Du er virkelig en racer med pinnene :)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment