lørdag 21. juni 2014

DANSEKJOLEN ER FERDIG / WOULD YOU LIKE TO DANCE?


Og eg synst den blei kjempefin!

Etter at eg endeleg knekte koden i dansekjole-oppskrifta frå Ministrikk, gjekk resten av strikkinga kjempelett. Riktignok var det litt kjedeleg å strikke når eg kom litt nedpå skjørtet, og det var veldig mykje rettstrikk, men eg blei motivert av at kjolen såg ut til å bli veldig fin.

Kjolen er strikka i størrelse 3-4 år, og den passer heilt perfekt til toåringen. 
Litt liten i størrelsen, med andre ord. Eller kanskje det berre er eg som strikker stramt. Men den er uansett såpass lang at den nok kan brukast som kjole i fleire år framover, og deretter som tunika.

Dette var første gong eg strikka med Lille Lerke-garnet,
og eg likte det kjempegodt! Eg gjekk for den lyseblå fargen, som passer perfekt til ein slik søt kjole. Då blir den ikkje for sukkersøt, synst eg. No har eg lyst til å strikke meir med slike garn i ull- og bomullsblandingar. På grunn av ullet blei kjolen veldig mjuk og god, og ikkje så «bomullshard» som eg ofte synst strikka bomullsplagg blir. Dessutan er den heilt kløfri, og perfekt å ha rett mot huda. Eg tipper denne kjolen blir god å ha på litt kjøligare sommarkveldar.

No skal prøve ein eigen vri av oppskrifta.
Planen er å strikke ein kortare tunika/topp med kortare armar, og kanskje ein sommarshorts etter babyshorts-oppskrifta frå Den store guttestrikkeboka som kan brukast til. Garnet er allereie innkjøpt. Eg kom over Lille Lerke i ein heilt lys korallfarge på tilbud då eg var på Vestlandet for ei stund sidan, og det ser ut som fargen har gått ut av produksjon. Flaks at eg kjøpte inn ein heil haug.

You might remember that I struggled at first when I started knitting the dancing dress from Ministrikk. But when I finally figured out how to knit it right, it turned out to be a pretty easy knit. And the result is stunning, I think. I love the light blue coulor. The yarn is Lille Lerke from Dalegarn, which is a mix of cotton and merino wool. It is really soft, and perfect to wear close to bare skin. This will be a perfect dress to wear on colder summer nights. 

13 kommentarer:

  1. Før en søtnos! Alt kler den smukke :-)

    SvarSlett
  2. Helt nydelig! Denne må jeg strikke! (Men komboen graviditetshormon og kronglete oppskrifter tar jeg ikke sjansen på, så tror jeg venter en god stund..)

    SvarSlett
    Svar
    1. Lurt, Vigdis! Eg hadde ein del bom-strikk-prosjekt då eg var gravid med Iben, der strikketøyet blei rakka opp igjen i vilt sinne etter første hindring. Greitt å unngå...

      Slett
  3. Fin! Veldig greit når lengden er såpass lang at den kan vokses i :)

    SvarSlett
  4. Så fin kjole :-) Herlig jente! Jeg synes du har en veldig fin blogg og jeg blir så inspirert hver gang du legger ut noe nytt :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for veldig hyggeleg tilbakemelding!

      Slett
  5. Hei, hvordan knekte du koden? Jeg har gitt opp etter 7 forsøk! Følger oppskriften nøyaktig, men på runde to blir det dobbelt så mange masker igjen enn det skal være etter at hullmønsteret er strikket, det blir altså 8 masker til merket, og hullraden er skjev. Hvordan gjorde du det?

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment