mandag 27. januar 2014

FARGEINSPIRASJON FRÅ TYRKISK KELIM / TURKISH KELIM COLOUR INSPIRATION

Kan eit golvteppe avgjere kva fargar ein skal strikke i? Så klart!

For nokre år sidan kjøpte eg dette flotte, gamle kelimteppet på ei reise med jobben i Istanbul. Teppet ligg no i stua vår, og er eit flott fargeinnslag i ein elles nokså kvitmalt heim. Teppet er handvevd, og eg liker å sjå korleis den som vevde det har gått tom for fargar etter ei stund, og gått over frå den gammalrosa fargen til ein oransj/oker farge for å avslutte teppet. Det gjer resultatet unikt.

Eg liker også at teppet har eit tidlegare liv med ei eiga historie frå før eg kjøpte det, og at det har ligge i sola i år etter år, og fargane gradvis har blitt bleika. Snur ein teppet, er fargane på baksida - som ikkje har blitt solbleika - mykje sterkare.

Eg liker veldig godt fargane slik dei speler saman på dette teppet, og har lenge tenkt eg skulle strikke noko i akkurat desse fargane. Så dei må kanskje ha trudd eg var litt rar då eg troppa opp på Pickles i Markveien for ei stund sidan, og gjekk med eit teppe under armen og samanlikna fargar.

Med meg heim i posen frå strikkebutikken kom tre store nøster med Pickles pure wool, og fire nøster Pickles fager. Sistnemnde garn planla eg å bruke til tova vottar. Meir om det i morgon...

Eg synst det gule pure wool-garnet har ein heilt fantastisk farge, og det skal bli til ein vest til Iben, medan det rosa garnet skal bli nok ein babyshorts frå Den store guttestrikkeboka. Det lilla er eg ikkje heilt sikker på kva eg skal bruke til enno, men muligens blir det tilbehør. Følg med, følg med!

Of course a carpet can decide which colours my next knitting projects will be!
I bought this beautyful, old kelim carpet in Istanbul a few years ago, and it is now living with us as a spot of colours in our pretty white home. I love how the colours have faded in the sun over the years, and how you can see that whoever made it ran out of pink, and had to finish the carpet with a yellow/orange colour instead. This is what makes hand made carpets like these unique. 

For a while I have been playing with the idea to knit something in colours similar to the ones in the carpet, so they must have thought I was slightly strange when I went to buy yarn at Pickles and carried a huge carpet under my arm, with which I checked to see if I could find matching yarn in their shelves. 

I love the yellow Pure Wool-yarn, which I will knit a vest for Iben in. The pink Pure Wool-yarn will become another pair of babyshorts (like these), but I am still not sure what I will knit in the purple yarn. Maybe something small, like mittens?

The pink and orange yarn is Pickles Fager, which I planned to knit felted mittens in. More about that tommorrow...

8 kommentarer:

  1. ojoj OJ så fine fargar! blir spennande å sjå dei som strikka plagg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg er veldig spent på korleis pure wool-garnet ter seg når det blir strikka med. Fargane er fantastiske på nøstet, men det er jo alltid litt anleis når garnet faktisk er eit plagg. Og så verker garnet litt stivt, iallefall i forhold til alpakka, som eg strikker mest med for tida.

      Slett
  2. Så herlige farger, blir glad av å se på! Gleder meg til å se hva du tryller frem av disse flotte nøstene:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggeleg kommentar, Kirsti! Første resultat blir å sjå allereie seinare i dag. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er eit veldig godt resultat... :)

      Slett
  3. Å, for et flott teppe! Fargene var herlige:-) Pure Wool har jeg gode erfaringer med! Enig med deg i at den gulfargen er knallfin:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, gulfargen gir meg assosiasjonar til klementin-juice, av alle ting. Det er så fint at Pure Wool-garna er litt "småspettete" i fargane, for det ser ut som det gir eit kjempefint spel i strikketøyet, utan at det blir for mykje av det gode!

      Slett
  4. N Y D E L I G E farger!!! Nå bare må jeg ta turen innom Pickles. Bare så synd at heg reiser bort til helgen...argghhh... :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, kjenner følelsen, Anne Marie :)

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment